Fron Regnskapskontor BA er eit autorisert rekneskapsførarselskap som vart stifta i 1970 og har hatt stabil vekst fram til nå. Kontoret er organisert som eit andelslag. I styret for kontoret er det valt fire personar frå kundane og ein frå dei tilsette. Det er ikkje noka målsetting at kontoret skal gå med store overskott, derfor er vi konkurransedyktige på pris i høve til våre konkurentar. Likevel har kontoret opparbeidd ein bra eigenkapital slik at vi har nødvendig driftskapital og kapital for investeringar. Vi held til i nyoppussa lokale i tidlegare Vinstra Hotell ved sida av Sparebank 1 i Nedregata på Vinstra.